Olav på Nau er ain siderkar

Olav, en mann som jobber på Knapphus Kjøkkensenter

Olav på Nau er ain siderkar

Endeleg har han og sambuaren Dilek fått eit sosialt kjøken.

Garden vart teken av 1000-års raset
Det skal noko til å reisa seg etter eit slikt ras som ramma garden Bleie og andre gardar på Nå i Hardanger i 1994. Men folk langs Hardangerfjorden tåler ein trøkk og veit å reisa seg. Dette pågangsmotet og iveren til å «byggja opp noko» har også Olav Bleie og sambuaren Dilek. Etter «oppreisinga» er det no siderproduksjon som er gjeldande for Olav og garden.

Cider

Det er ca 22 kommersielle siderprodusentar i Hardanger
6 av desse held til på Nao. Det er rett og slett imponerande kva Olav og dei andre produsentane har fått til. I tillegg kan det sjå ut som om at dei verkeleg vil kvarandre vel og hjelper kvarandre på beste vis. Olav har dei 5 siste åra verkeleg teke steget ut i den store verda som siderprodusent. Garden produserer også norges mest solgte sider, som har fått det stolte navnet Alde sider. No for tida dyrkar han opp endå meir jord for å dyrka fleire eple. Det går mest i Gravenstein, Discovery, Summerred og Aroma.

Produktutvikling er viktig
Me tok ein tur innom løa der dei produserer dei ulike produkta, som f.eks. Lotherus. Då var det nesten uråd å få kontakt med både Olav og medhjelparen. Det var temperaturen på vatnet dei jobba med. Skal du produsera sider som skal representera Hardanger er alle detaljar viktige. At det går an å «berre» stikka innom å kjøpa seg ulike sidersortar set ein ekstra spiss på smaken. Både skribent og fotograf trekte kortet såpass at begge lurte på om skjermen ville visa godkjent. Me vil på det sterkaste anbefala alle til å ta turen innom.

Katte

Olav og Dilek ville ha eit sosialt kjøken
Det var mange tankar om kva kjøken dei ville ha då dei først skulle pussa opp. At dei ville ha eit sosialt kjøken var dei heilt einige om. Der kokken, besøkande og katten kunne vera ein del av matlaginga. At alle blir ein del av ei «oppbygging» mot eit godt måltid, sjølvsagt med noko godt å drikka, skaper fred i verda og lykkerus.

Topp

Kjølehjørna, Bora koketopp og nokre opne hyller
Dette var noko dei hadde bestemt seg for då dei kontakta Knapphus Kjøkkensenter si avdeling i Odda. Kjøle-hjørna for oppbevaring og lett tilgong til råvarene, Bora koketopp med inkludert ventilator for at ingenting frå taket skulle hindra utsikta til stova og motsatt, og nokre opne hyller for å bryta litt. Sjølv om dei hadde googla seg opp litt, anbefaler dei sterkt alle andre også til å nytta ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik kjøkkendesigner.

Kjøkken

Mørkt eller lyst kjøken?
I starten såg dei for seg eit mørkt kjøken. Etter nokre diskusjonar med både den eine og den andre valgte dei fargen Oliven, og modellen Falketind. Men i fronten av øya valgte dei modellen Trollstigen, for å bryta litt opp. Dei er også svært fornøgde med at dei fekk ein god arbeidsplass ved vindauga ut mot verdensarva Hardangerfjorden og garden. Ei utsikt folk reiser frå hi sio av verda for å oppleva. Benkeplata er fora heilt ut til vindauga, for å nytta plassen fullt ut. Det blir mykje god mat av slikt. Og nye sidersortar.

Steikeovn med damp og ein kombiovn
Begge deler satt inn i god arbeidshøgde. Dei bygde også inngongen til kjøkenet litt smalare for å få plass til høgskapet med kvitevarene og kjølehjørna. Olav likar godt at det no er blitt ein «portal» inn til kjøkenet. Flisene dannar også langt på veg ei «Hardangerrosa», og gir liv til både kjøkenet og dei som er der.

Takk til alle grynderar
Me i Knapphus Kjøkkensenter i Odda takkar så mykje for at me vart litt betre kjent med familien, produksjonen og det som skjer på Nau. Eit sosialt kjøken skal jo syta for både gode samtalar og god mat og drikka. At Hardanger har mange folk som er framoverlent og dyktige er det ingen tvil om, og mange av dei finn du på Nau.

Takk og lukke til med det sosiale kjøkenet, som ikkje blir sosialt utan god mat og drikke.

For godt 100 år sidan (1906) skreiv presten og historikaren Olaf Olafsen dette om garden:
«Bleie har en herlig Beliggenhed. Alt hva Hardanger eier av Skjønhed og Romantik finder man her: Høit opp mod Himmelen den mæktige, straalende Bræ, foran den stille Fjord, hvori de mæktige Tinde speiler sig, rundt om en rig og yppig Plantevekst og en Skog av Frukttræer, hvorigjennom Bræelven skummende styrter ned – hva mer kan man vel forlange i Norden.»